Det du treng for å spele er ein meir eller mindre komplett kortstokk, ved mange deltakarar kan det nyttast fleire kortstokkar (sjå F.A.Q). Minimum antall spelarar er 3, og spelet fungerar best med under 15 spelarar. Velg først ein dealer som skal ha kontroll på kortstokken gjennom spelet. Alle spelarane fyller så opp eit glas med sjølvvalgt drikke. Leiken fungerer også utan glas/drikkekoppar, les meir om regelverket rundt dette i FAQen under.
Leiken byrjar ved at ein dealer legg ned 16 kort, herunder kalla "bunkar" i ei 4x4 matrise, som vist på biletet under. Dealer held så på resten av korta, herifrå berre kalla "kortstokken".
Spelar til venstre for dealer startar leiken og skal velje ned, opp eller lik frå ein bunke (sjå døme på dette under "Eksempelspel" nedenfor). Etter du har valgt bunke og "retning" legg dealer eit kort frå kortstokken på den korresponderande bunken. Ver merksam på at "Ess" er det lågaste kortet (1), medan "Kong" er det høgaste (13). Dersom spelaren vel "opp" og kortet vert høgare enn det som allerede ligg på bordet i bunken, har spelaren vunne. Det same er tilfelle dersom spelaren vel "ned" og kortet dealer legg er lavare.
Når spelaren "vinn" går turen vidare til neste person, med klokka (til venstre). I tilfelle spelaren vel "opp" på eit kort og dealer legg eit kort som er "lågare eller lik" på den bunken spelaren har valgt, taper spelaren. Dette skjer også når spelaren vel "ned" og kortet vert "høgare". Når dette skjer må spelaren ut i drikkerunden:
Sjå FAQen for nærmare avklaring av regelverket (eller forklaring av ulike situasjonar) vedrørande drikkerunden.
Spelaren må/skal drikke kontinuerlig til dei andre deltakarane har tald til antallet som tilsvarar kort i bunken som spelaren valde, eller til spelaren har fullført sin drikkeenhet.
Teljinga føregår ved at personen til venstre for den som skal drikke startar med å telje 1, og deltakarane held fram teljinga i retning med klokka til antalet kort i bunken er nådd. Kvar deltakar kan nytte så lang tid som han/ho sjølv vil på å telje. (Til dømes: Dersom det er 8 kort i bunken skal deltakarane etter tur telje til antalet (8), før spelaren klarer å drikke opp).
Kvar deltakar kan benytte så mykje tid dei vil på å telje, men dersom spelaren fullfører sin enhet før dei andre er ferdige å telje - startar drikkerunden på nytt med deltakaren som ikkje rakk å seie sitt tal. Teljinga startar då på nytt med same antall teljingar og held fram på same måte heilt til dei andre deltakarane tel ferdig antall kort i bunken og dermed kjem seg ut av drikkerunden. Uavhengig av kven som avslutta i drikkerunden, skal deltakaren til venstre for spelaren som i utgangspunktet havna i drikkerunden (valde feil), fortsette med å velje bunke og retning neste gong.
Utfall: Leiken held fram i drikkerunden. Deltakaren som ikkje klarte å telje, startar på ein ny drikkerunde med same antal.
Om teljarane klarer å telje ferdig før "spelaren" vert ferdig med si drikke, går spelet vidare til neste deltakar. Denne personen vel då ein bunke, og retning, og dealer legg eit kort her.
Utfall: Leiken går vidare ut av drikkerunden, og vidare til neste deltakar som skal velje bunke.
Slik held spelet fram til dealeren ikkje har fleire kort igjen i kortstokken. Når dealer er tom for kort, skjer «hagelukinga».
Dealer tek her den nederste rada med kort (bunkar) og stokkar desse, dette kallast for "hageluking". Leiken held deretter fram med spelaren til venstre for den som sist valde bunke. Slik vedvarer leiken til dealer sin kortstokk igjen blir tom, då skjer andre hageluking og dealer fjernar igjen nederste rad og stokkar dei nye korta i kortstokken. Spelet fortsetter slik til (og med) tredje hageluking, og er slutt når alle korta i kortstokken er brukt opp - og berre ei rad gjenstår.
Spelar 1: Første spelar (til venstre for dealer) startar, og vel å gå ned på konge. Dealeren legg på det øvste kortet i bunken. Kortet var lavaren enn konge, så spelaren valde riktig og turen går vidare til neste person (med klokka).
Spelar 2: Andre spelar vel å gå ned på knekt. Dealer legg eit kort som er høgare enn knekt, og spelaren må difor ut i drikkerunden. Sidan det er to kort i bunken, må spelaren drikke til dei andre har telt til to.
Spelarane held fram slik til dealeren sin kortstokk er tom (sjå første bilete under). Han plukkar då opp korta i den nedste rada og stokkar desse. Spelet held deretter fram på same måte som før med denne 3x4-matrisa (sjå andre bilete under).
Spelet held fram på same måte til og med ei tredje hageluking. Sjå illustrasjon under:
Spelet er så ferdig når kortstokken er brukt opp etter tredje hageluking. Sjå illustrasjon nedenfor:
Leiken held fram utan avbrot. Ein hoppar då berre over denne spelaren under teljing. Det er ansett som fair play å ikkje forlate spelet når det snart er din tur.
Dealer står då fritt til å legge kortet på den bunken han vil (som oftast på bunken med flest kort).
Ja. Den generelle regelen er at eit gjennomsiktig glas er tomt når dei siste dråpane av drikke (ekskludert skum) har forlatt glaset. Eit ikkje-gjennomsiktig glas/ein ølboks vert rekna som tom når spelaren har tømt drikka og satt glaset/koppen på bordet.
Hageleik set ingen krav til kva type glas som skal nyttast, men det vanlegaste er å nytte ølglas i plast (0.5 L). I utgangspunktet er det ein fordel at alle spelarane har like store glas, men dette er heller ikkje eit krav for at leiken skal fungere. Til dømes kan gjerne ein spelar som vel å drikke vin nytte vinglas.
Forfattarane rådar kvar spelar til å fylle opp glaset så mykje at han ikkje føler seg ukomfortabel med at det er fylt opp for lite. I dei fleste tilfelle er dette omtrent eit fullt ølglas dersom ein fyller glaset med øl. Dersom ein spelar har vore i drikkerunden, og glaset ikkje er tomt, skal glaset ikkje fyllast igjen før det er tomt. Spelaren kan sjølvsagt tømme glaset og fylle det opp igjen utanfor leiken dersom han ynskjer det, men eit glas som ikkje er tomt skal ikkje fyllast opp før drikkerunden.
Eit gjennomsiktig glas er tomt når dei siste dråpane av drikke (ekskludert skum) har forlatt glaset. Eit ikkje-gjennomsiktig glas/ein ølboks vert rekna som tom når spelaren har tømt drikka og satt glaset/boksen på bordet. Dette er for at ein lettare skal kunne avgjere om t.d. spelaren hadde tømt drikka før ein var ferdige å telje, eller kven som ikkje rakk å seie sitt tal.
Den generelle oppfatninga til dei andre spelarane skal takast til følge. Kvar spelar som ikkje er involvert i disputten kan seie si meining. Dersom ein framleis ikkje blir einige har dealeren siste ord om kven som må ut i drikkerunden.
Dersom spelaren då ikkje har vald «Likt,» må han i drikkerunden. Korkje «opp» eller «ned» er riktig i tilfellet «likt».
Ja, det er ikkje noko problem.
Det er ikkje noko problem å gjennomføre leiken, men spelarar har då ein tendens til å ikkje følge med på når dei skal telje.
De kan fint bruke éin kortstokk, men ein kan gjerne bruke fleire dersom ein har det tilgjengelig.
Det har i lange tider gått gjetord over heile Gløshaugen om misjonæren Hagefyr, skaparen av Hageleik. Åndsvesenet Hagefyr nyttar all si tid til å forkynne om etanolens sterke livskraft og har aldri vore observert utan ei øl i handa. Hagefyr ynskjer gjennom sitt virke og visjon å gje ei glede for heile folket, ein bodskap som blir tydelegare for kvar tømte halvliter.
Likt: Ein spelar kan alltid velge «likt» på ein bunke. Dersom dette blir riktig, vel han ein person på kvar side av bordet som startar ein drikkerunde kvar. Drikkerundane skal startast samtidig, slik at det går to teljingar på same tid. Antal kort i bunken angir som vanlig lengda på drikkerunden.
Førehandsmelding: Ein spelar kan melde «opp», «ned» eller «likt» på den same bunken som spelaren før han valde. Denne førehandsmeldinga må sjølvsagt skje før den forrige spelaren har gjort sitt valg. Dersom spelaren får riktig kan han velge ein annan spelar som må drikke eit predefinert antal slurkar.
Gris: Alle spelarar kan til ei kvar tid ta i bordet med tommelen for å starte ein runde med gris. Den siste spelaren som får tommelen på bordet må drikke eit predefinert antall slurkar. Dette kan óg implementerast med t.d. «boble», «Hei knekt» eller ved å ta i taket.